Samarbeidsmøte mellom Norsk Ergoterapeutforbund og ERGON

Samarbeidsmøte mellom Norsk Ergoterapeutforbund og ERGON

ERGON-representantar rundt bordet

på møtelokala til Norsk Ergoterapeut-

forbund i Stortingsgata i Oslo.

Torsdag 8. september samla representantar frå Norsk Ergoterapeutforbund og ERGON seg for å snakke om samarbeidet oss imellom. Det var eit viktig møte, der det blant anna vart diskutert rundt ERGON sin praksisundersøkelse, studiekvalitet, økonomi, kommunikasjonsmedia og politisk samarbeid.

Seks ERGON-representantar frå alle utdanningsbyane samla seg torsdag i Norsk Ergoterapeutforbund sine nye lokalar i Stortingsgata i Oslo. Her hadde vi møte med representantar frå Norsk Ergoterapeutforbund for å diskutere og styrke samarbeidet oss imellom. Vi hadde mykje å snakke om. Tema som vart tatt opp på møtet var blant anna praksisundersøkelsen, studiekvaliet, økonomi, kommunikasjonsmedia og politisk samarbeid. Det var eit viktig møte for begge partar, der byrjinga på eit nytt og betre samarbeid oss imellom vart starta. Vi i ERGON ser fram til dette.

eZ Publish™ copyright © 1999-2012 eZ Systems AS