Landsstyremøte i Trondheim

Landsstyremøte i Trondheim

Skulen i Trondheim.

Første helga i september samla landsstyret i ERGON seg for å avholde møte i Trondheim. Trass eit litt redusert styre, hadde vi ei effektiv og kjekk helg saman i den vakre byen. På dagsorden for helga stod først og fremst praksisundersøkelsen, drift av lokallaga og samarbeidsmøtet mellom Norsk Ergoterapeutforbund og ERGON.

Fredag starta dagen med god frukost (for nokre som hadde reist langt kunne det kanskje heller kallast sein lunsj) på Trondheimskulen sine lokalar i Ranheimsveien 10. Vi starta møtet med å gå gjennom rapport frå alle lokallaga, dvs. dei lokallaga som var representerte. I årets styre er vi så uheldige å ikkje ha representantar frå utdanninga i Sandnes, og i tillegg så kunne ingen representantar frå Oslo stille denne helga. På dagsorden stod også samarbeidsmøtet mellom Norsk Ergoterapeutforbund og ERGON, som skal avholdast i forbundet sine lokalar i Oslo torsdag 8. september. Dette møtet skal avholdast for å diskutere felles interesser og korleis ERGON og Norsk Ergoterapeutforbund skal samarbeide vidare. Kven veit, kanskje resulterer det i ei revidering av samarbeidsavtalen vår?

Fredagskveld koste vi oss med god mat og drikke, og ikkje minst den spanande landskampen mellom Noreg og Island.

Laurdag stod praksisundersøkelsen øverst på dagsorden, men vi fekk dessverre ikkje gjort så mykje med den som vi hadde sett føre oss. Undersøkelsen skal gjennom mange ledd for å kvalitetsikrast, og det er ikkje alltid like lett for oss å styre forsinkelsar som skjer i desse ledda. Men ikkje fortvil, den jobbast med, og kjem forhåpentlegvis ut i live snart. Laurdag snakka vi også om drifta av dei fem forskjellege lokallaga vi har rundt om i Noreg. Det er veldig forskjellig korleis dei ulike lokallaga vert styrte, så derfor har vi lagt ut ymse malar her på sida, under styringsdokumenter. Her finn du blant anna malar om korleis holde styremøte, korleis skrive årsrapport i rekneskap, samt retningslinjer for alle lokallaga.

Etter ein effektiv møtedag fekk vi omvisning i Trondheim av vertane Joakim Jacobsen, Ida-Sofie Skukkestad og Tor-Ivar Betheussen. Laurdagkveld var det duka for taco hjå Tor-Ivar. Det var god stemning, og Trivial Pursuit-speling på høgt nivå.

Søndag møttast vi for å evaluere landsstyremøte, og alle var samde om at det hadde vore ei gild helg. Vi gler oss til møtet med Norsk Ergoterapeutforbund 8. september, til Ergoterapeiens dag den 14. september og til neste landsstyremøte i Oslo i november!

 

Ein konsentrert leiar i ERGON

Ein konsentrert leiar bak Mac-en sin.

Styret

Styret rundt bordet på skulen i Trondheim.

Vandring i Trondheims gater

Vandring i Trondheim sine fine gater.

eZ Publish™ copyright © 1999-2012 eZ Systems AS