Landsstyremøte i Tromsø

Universitetet i Tromsø

Helga 8. - 10. April samla det nye landsstyret seg i Nordens Paris, Tromsø. På dagsorden for helga stod først og fremst planlegging av Ergoterapiens dag 2011.

 

Møtedeltakarane entra Tromsø i stålande veir fredag morgon. Vi fann fram til verdas nordlegaste universitet, der vi byrja med ein god frukost. Dagen gjekk stort sett med på å gå gjennom rapportar frå alle lokallaga. Seinare på dagen utnytta vi det fine veiret, og utforska byen i Nord.

Laurdag diskuterte vi hovudtemaet for helga, Ergoterapiens dag 2011. Temaet for dagen er Ergoterapi og eldres helse, og den store dagen vil verte markert onsdag den 14. September. I tillegg til dette vart samarbeidsavtalen mellom Norsk Ergoterapeutforbund og ERGON diskutert, og vi i ERGON er samde om at vi ynskjer eit sterkare samarbeid med forbundet. Ei eventuell utdanningsmesse i Lillestrøm vart også tatt opp, og dette er noko vi i ERGON vil jobbe for å realisere.

Laurdagskvelden gjekk med til sosial samakomst og hyggje. Søndag avslutta vi møtehelga med å evaluere landsstyremøte. Vertane i Tromsø, Anne Maren Årreberg og Einar Angelsen har gjort ein strålande jobb, og vi har alle hatt ei fin helg i Nordens Paris.

eZ Publish™ copyright © 1999-2012 eZ Systems AS