18. - 20. Februar var det duka for det årlege landsmøtet i ERGON, denne gongen arrangert i Bergen. Ei spanande helg, der gammalt styre gjekk av og nytt styre blei valgt. Flott og inspirerande foredrag av forbundsleiar i Norsk Ergoterapeutforbund Mette Kolsrud, val av nytt styre, årsrapportar og nye bekjentskap stod på dagsorden for helga.
Fredag morgon møttast det gamle og det nye landsstyret i ERGON ved Høgskulen i Bergen for å delta på landsmøte. Vi åt frukost saman, før leiar Gry Katrin Reiermo opna møtet. Vi hadde besøk av forbundsleiar i NETF, Mette Kolsrud, og ho hadde eit inspirerande og spanande foredrag for oss. Seinare på dag gjekk alle lokallaga gjennom årsrapport, budsjett og rekneskap frå året som har gått, samt at dei nye rettningslinjene for LNU blei presenterte av økonomiansvarleg Boi-Boi Hua. Fredagskvelden gjekk vi ut for å ete middag saman i Bergen.
Laurdag gjekk vi blant anna gjennom målprogrammet for komande periode, samt at vi hadde presentasjon av verva og val av nytt styre. Tre gode kandidatar stilte til leiarrolla, og etter val vart det Trondheim-studenten Joakim Jakobsen som stakk av med sigeren. Resten av verva blei fyllte, og folk vart fornøgde. Tor Ivar Bertheussen er den einaste frå det gamle styret som er med eit år til.
På Laurdagskvelden var det duka for taco og hyggje hjå vertane i Bergen, Karina Løset og Hilde Hatteland.
Søndag starta med frukost og evaluering av helga. Det gamle styret fekk utdelt attestar og gåver, og det nye styret fekk organisere seg. Alt i alt har det vore ei sosial og lærerik helg. Ser fram til eit godt samarbeid med det nye styret det komande året!
Takk til det gamle styret for ein god jobb!
Lurar du på kven som er med i det nye styret? Kontaktinformasjon finn du her.