Kronikk i Sunnmørsposten: Trenger vi ergoterapeuter i kommunen?
Treng vi ergoterapeutar i kommunen ?
I desse krisetider er dei fleste tenester i Ålesund sett under lupa, for å prøve å spare inn eit i utgangspunktet håplaust tal millionar. Administrasjonen har også funne ut at vi har for høge tal i KOSTRA på pleie og omsorgstenester, og difor må det sparast der. KOSTRA er kommunane sin eigen statistikk over forbruk av dei ulike tenestene, sett i høve til innbyggartal, alder og andre faktorar. Dei har sett under alle steinar for å finne forklaringa på dette, men finn ikkje at dei har brukt meir enn dei måtte.
Kva er ergoterapi?
Ergoterapi er lite kjend, sjølv om fagutdanninga vår har eksistert i Noreg i 50 år. Mange har sett på oss som veslesøstra til fysioterapeutane og vi har kanskje lidd litt under det. Vi fokuserer på aktivitet og brukaren sitt behov for å bestemme over og leve sitt eige liv. Som kommuneergoterapeutar jobbar vi med alle dei som bur eller oppheld seg i vår kommune. Vi blir tilkalla i høve problem med meistring av daglegdagse problem, som det å kunne stelle seg sjølv, gjere vanleg husarbeid, kome seg på jobb/skole, kunne fungere i jobb/skole/barnehage, bruke vanlege hjelpemiddel som tlf, PC, bil osv.Vår jobb er då å få eit klart bilde av kva vedkomande kan og ønsker å kunne, og finne løysingar på problema. Løysinga kan vere å lære og trene på nye teknikkar, ombygging eller tilrettelegging av bustad, skole eller arbeidsplass, skaffe tekniske hjelpemidler, eller ein kombinasjon av desse. Vi jobbar også i skolen med finmotoriske problem eller meir udefinerte problem som for eksempel uro og konsentrasjonsvanskar. Då nyttar vi metodar som finmotorisk trening, sanseintegrasjon og feks. ”Skrivedans”.
Det internasjonale året for funksjonshemma ”Ingen hindring”Ergoterapitenesta i Ålesund ligg under Verksemd for helse- og sosiale tenester, ikkje i pleie og omsorg, og er veldig underdimensjonert i høve til folketal og blir ikkje rekna med i Kostra-rapporteringa. I gjennomsnitt er det ca 5.000 innbyggarar pr. ergoterapeutstilling i kommunane i Noreg, medan Ålesund fram til 23.4. har hatt ein ergoterapeut pr ca 10.000 innbyggarar (altså 4 stillingar). Då den store økonomikrisa vart avdekka i april, vart det kjapt vedteke å kutte ei ergoterapeutstilling. Det måtte då vere nok med ei i kvart distrikt! Det vil sei at kommunen no har 3 ergoterapeutar som skal dekke dei 39 200 innbyggarane i Ålesund Kommune! Det blir ca 13.000 på kvar. I det siste spareforslaget vil dei kutte ned til ei stilling! Ergo/fysio-tenesta i Ålesund hadde den 1.1. i år ca 10 fysioterapeutar og 5 ergoterapeutar. Ein ergo og to fysio på Rehabiliteringa vart først redusert til ein av kvar. Så i april tok dei ei ergostilling, og no har dei foreslått at kommunen kan greie seg med ein av kvar i heile byen; ein ergoterapeut, ein barnefysioterapeut og ein fysioterapeut for eldre. Dette er kutt av våre tenester til ein tredjedel på eit halvt år! Og vi har ikkje eit meirforbruk på budsjetta våre, tvert imot! Det er snakk om 2,5 % reduksjon for alle sektorar; nokre er i sjokk fordi dei blir kutta ca 10 %. For tenestene våre er det dramatisk! Blir nok fleire hindringar for dei funksjonshemma som bur i denne byen, enn færre!Om ordføraren og tidlegare rådmann hadde hatt litt anna syn på prioritering av kommunen sine midlar, så kunne han fått løn i tre mnd, som er vanleg oppseiingstid. Kommunen hadde då hatt knapt1,8 mill meir å bruke på resten av innbyggarane i byen, til helsetenester dei har rett på, dei som treng. Nokre stillingskutt kunne vore spart, alle monner drar!
Ein by som Tønsberg, som vi elles ofte samanliknar oss med, hadde 37.000 innbyggarar og 8 ergoterapeutar då dei for ei tid tilbake kom opp i ei lei knipe. Det var ein privat sjukeheim som gjekk konkurs, med 30 plassar. Desse 30 pasientane måtte kommunen ta over. Leiaren (ein sjukepleiar) for ergo/fysioterapitenestene og helsestasjonane valde å tilsette endå ein ergoterapeut og to som kan jobbe med utkjøring og montering/reparasjon av hjelpemidler og div.
I Ålesund har ikkje denne tanken vore lansert. Kvifor brukar dei meir på pleie og omsorgstenester i høve KOSTRA? Kva om dei hadde hatt dobbelt så mange ergoterapeutar, altså på landsgjennomsnittet, kva effekt kunne det ha fått?
Rådmannen sa til Sunnmørsposten den 22.5. at dei jobbar med å finne årsaka til at desse KOSTRA-tala er så høge for kommunen. Ho meiner dette kan tyde på at Ålesund har høgare kvalitet på desse tenestene enn dei vi samanliknar oss med. Eg er einig i at vi har god kvalitet på pleie og omsorgstenestene, men eg trur ikkje det er noko betre her enn andre stader. Mi forklaring er at kommunen ikkje brukar rette verkemidla for å få ned presset på desse tenestene. Med å ha fleire ergoterapeutar vil det bli mindre press på sjukeheimsplassar.
Ergoterapeutane sine viktigaste oppgåver er å gjere brukaren/pasienten sjølvhjelpt
Dei aller fleste funksjonshemma og eldre ønsker å bu i heimen sin så lenge som mulig. Og dei ønsker ikkje å ta i mot hjelp for det dei kan greie sjølve, med litt tilrettelegging. Ein sjukeheimsplass kostar kommunen mellom 450 - 500.000 kr i året. Ein ergoterapeut kostar under 400.000 (inkl. sos. utg. m.m.) Om våre tenester medverkar til at 6 – 7 personar kan greie seg utan sjukeheimsplass, så dekker det inn 8 ergoterapeutar. No er vi sjølvsagt klar over at om vi er med på å forhindre sjukeheimsinnlegging, så vil mange av desse koste ein del for Heimetenestene(HT). Men desse tenestene er mykje billegare enn sjukeheim, og i fellesskap mellom HT, pårørande, fysioterapeutane og oss, forhindrar vi mykje meir enn 6-7 innleggingar. I det distriktet eg arbeider no, er det minst 5-6 personar som eg veit står i fare for dette, men som med hjelp av oss i fellesskap likevel greier seg heime. Og som er lukkeleg for det. Og det er like mange i dei andre to distrikta i byen. I tillegg gjer arbeidet til Rehabiliteringsavdelinga vår at endå fleire greier seg heime.
Når det gjeld funksjonshemma barn er det kjempeviktig at familien får hjelp til praktiske ting i kvardagen. Livet er fullt av kvardagar, og for foreldra er desse ofte fulle av slit og spesielle problem. Får ikkje det funksjonshemma barnet nødvendig oppfølging, kan det få alvorlege fylgjer, både for barnet og for foreldra si helse. Alle barn veks, og om eit barn i rullestol ikkje får større stol etterkvart, vil skeiv rygg og hemma hjarte- og lungefunksjon kunne bli resultatet. Og då har barnet fått enda større helseproblem, dårlegare livskvalitet og kanskje avkorta livslengd. Utan tilrettelegging kan det av og til bli for tungt for foreldra å ha sterkt funksjonshemma barn buande heime, og kommunen sin barnebustad må ta over enten heile eller deler av tida.Dessutan vil mangel eller dårleg tilgang på tilrettelegging føre til ein meir tungvint og belastande arbeidssituasjon for Heimetenestene, noko som vil vise igjen på økonomien og sjukefråver-statistikken. Ergoterapeutane har spesialkompetanse på dette med tilrettelegging i bustad, tilrettelegging av aktivitetar, tilrettelegging av skole og arbeidsplass. Dette sparar samfunnet for millionar. Då er det dårleg økonomi å spare inn på desse tenestene. Betre økonomi er det å tenke offensivt.
Tekniske hjelpemidler
Forskrift om rehabilitering slår fast at kommunane har hovudansvaret for formidling av tekniske hjelpemidlar til funksjonshemma. Ved kutt i ergoterapitenesta vil dette ramme hardt. Då vil formidlinga i beste fall bli tatt over av andre, i verste fall blir det forsømt. Det første alternativet fører til at oppgåvene blir gjort av mindre spesialisert personell som samtidig må legge sine oppgåver til side, og det fører til at presset på pleie- og omsorgssektoren aukar radikalt. Det er kortsiktig å spare på ergoterapitenesta. Formidling av hjelpemidlar genererer inntekter til kommunen over trygdebudsjettet. I 2002 mottok innbyggarane i Ålesund tekniske hjelpemidlar til ein verdi av 23 239 222, - I 1997 var denne summen på 15 415 760, altså ein auke på 50% på 5 år. (Då var her i gjennomsnitt to ergoterapeutar i arbeid.) Verdien av resirkulerte hjelpemidlar som kommunen overtar gratis frå Hjelpemiddelsentralen er på om lag 2 500 000,- i året.
Omstillingar
Det vart nyleg offentleggjort ein rapport frå Sverige, om korleis omstillingsprosessar verkar inn på dei tilsette: Den viser at det fører til høgare sjukefråver. Ikkje særleg overraskande, syns eg. Eg har sjølv merka kor frustrerande det er å måtte endre på ting som fungerer og omorganisere til eit system som er uferdig og uforståeleg. Der leiaroppgåver blir splitta opp og fordelt på medarbeidarar som ikkje er leiarar (og ikkje får løn for dette). Der ein før hadde leiarar som var nær oss, har ein no fått leiarar som er fjerne og som likevel skal prøve å forstå arbeidet vårt. Før den første omstillinga var gjennomført og i gjenge, og slett ikkje evaluert ! så vedtok dei effektive politikarane at no skal neste omstilling startast! Dei som i fjor blei desentralisert ut av Rådhuset, skal i desse dagar tilbake dit. Kva slikt kostar av krefter for dei tilsette og pengar for kommunen, det skulle ein ha prøvd å rekne ut. No snakkar dei om to leiarnivå, men har så mange rare midt-i-mellom-ikkje-leiarar, at det går over dei fleste sin forstand. Mange av sjefane har også fått nye stillingar som liknar veldig på det dei hadde før. At frustrasjonen og sjukefråveret går opp og dermed også kostnadane, burde adm. faktisk ha rekna med! Kor mykje tid har dei som jobba med omstillingane brukt på dette, i staden for det dei faktisk er tilsett for? Og kven har dette gått ut over? Dei andre tilsette, og dermed også innbyggarane i byen. Alle desse omstillingane har vore som eit stort eksperiment med heile arbeidsstokken og velferda i Ålesund kommune som innsats! Det kan vere vanskeleg å sjå konsekvensar i ein stor organisasjon. Men kanskje kan nokon ein dag rekne ut at omstillingane førte til høgare sjukefråver i nokre deler av arbeidsstokken, som då førte til at heilt andre tilsette måtte slankast vekk, som utekontakta, barnevernsvakta og ergo/fysioterapitenesta. Og Ålesund kommune gjev inntrykk av å vere ein båt som driv for ver og vind, og som då hiv ut segl og motor m.m. for å sjå om ikkje det går betre då. Roret har dei mangla lenge!


